Fylkestinget var samla i Geiranger 13.-14. oktober. Ei av sakene på dagsorden var sak 41/26: Todalsfjordprosjektet – status og vidare framdrift. For saksframlegg og behandling sjå denne lenka.
Saka var eit resultat etter eit eigarmøte i Todalsfjordprosjektet AS i juni, med oppfølging frå Surnadal og Sunndal kommunar, andre eigarar, næringsforeiningar og regionråd, samt initiativ frå fylkespolitikarar.
Fylkestinget vedtok følgande:
«1. Fylkestinget tek status for Todalsfjordprosjektet til orientering.
2. Fylkestinget legg til grunn at prosjektet slik det no ligg føre har svært krevjande økonomiske rammevilkår, men at reduksjonar i kostnadsgrunnlaget for prosjektet vil forbedre dette kraftig.
3. Fylkestinget legg til grunn at vidare arbeid i første omgang bør rettast mot kostnadsreduksjon, finansiering og rammevilkår. Fylkeskommunen gjer ein samla gjennomgang av tidlegare vurderte kostnadsreduserande tiltak innanfor den vedtekne løysinga, men der alternative kryssingsmetodar over vedteken trase, skal vurderast på nytt. Døme på dette er flytebru. Todalsfjordprosjektet AS arbeider vidare med finansieringsløysingar med eventuelle lokale bidragsytarar, jamf Nordøyvegen modellen.
4. Fylkestinget ber fylkeskommunedirektøren kome tilbake med ny sak når det ligg føre betre grunnlag for å vurdere økonomisk bereevne og vidare framdrift for prosjektet.
Allereie avsette planleggingsmidlar til prosjektet kan nyttast til arbeidet med kostnadsreduserande tiltak
Fylkestinget ber Todalsfjordprosjektet AS arbeide vidare med finansieringsløysingar og oppfølging av arbeidet med nasjonale rammevilkår».
Med oppfølging av vedtaket vil ein få viktige avklaringar kring arbeidet med å kome nærare ei realisering av fjordkryssinga. Todalsfjordprosjektet AS vil vere tett på det vidare arbeidet.