Styret i Todalsfjordprosjektet har engasjert Trond Skogseth (55) frå Surnadal som ny dagleg leiar i selskapet. Han tek over stafettpinnen etter mangeårig leiar Bergsvein Brøske i oktober.
Trond Skogseth har ingeniørutdanning frå Virginia Tech og Maryville College i USA og har brei leiarerfaring frå norsk og internasjonalt næringsliv. Han har mellom anna vore fabrikkdirektør i Rolls-Royce Marine i Brattvåg, divisjonsdirektør i Normet International, samt først produksjonsdirektør og sidan sals- og marknadsdirektør i Pipelife. Han starta arbeidslivet sitt som journalist i Adresseavisen og deretter konsulent i dagens Accenture og har i tillegg omfattande prosjektleiarerfaring frå store utviklings- og omstruktureringsprosjekt i både Rolls-Royce Marine og Pipelife. I fjor starta Skogseth sjølv selskapet Jara Rådgiving, og det er gjennom dette selskapet at han no blir innleigd som dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet.
Styreleiar Malene Aaram Vike og resten av styret i Todalsfjordprosjektet er svært godt fornøgd med å ha sikra seg Skogseth som dagleg leiar i selskapet.
– Trond Skogseth har, med si breie erfaring og dokumenterte gjennomføringsevne, dei beste føresetnadar for å lykkast i rolla som dagleg leiar. Vi er sikre på at han vil kunne ta prosjektet inn i fasen der realisering og byggestart i 2025 er målet, uttalar styreleiar Vike.
Bergsvein Brøske opplever det trygt å la Skogseth overta rollen som dagleg leiar.
– Eg er sikker på at Trond vil levere godt inn i Todalsfjordprosjektet og at han vil kunne bidra til realisering av eit døgnope og ferjefritt Indre Nordmøre. Eg gler meg til å følgje utviklinga vidare, og sjølv om eg snart gir frå meg ansvaret vil eg garantert følgje godt med frå sidelina, seier ein fornøgd Brøske.
Skogseth startar i jobben som dagleg leiar først i midten av oktober men ser allereie fram til å kome i gang med arbeidet.
– Å få leie laget som skal arbeide for å ta Todalsfjordprosjektet vidare fram mot byggestart ser eg som verkeleg meiningsfullt. Realiseringa av dette prosjektet er noko av det viktigaste som skjer på Nordmøre framover, og eg trur det vil kunne ha større positive ringverknadar for innbyggarar, næringsliv og den generelle samfunnsutviklinga enn vi kanskje er klare over. Inntrykket mitt er at det har vore arbeidd godt dei siste åra, og med Fylket no tungt inne i prosjektet er målet om å få avslutta denne maratonen meir realistisk enn nokon gong.
– Vi har nettopp vore på ferietur gjennom fylket vårt og nedover vestlandet, og når ein ser på kva Norge har investert i av gode samferdsleløysingar rundt omkring, så kan vi med godt samvit stikke oss fram og seie at no er turen kome til Indre Nordmøre òg, seier Skogseth.
Opprinnelig artikkel: https://www.trollheimsporten.no/naeringsliv-surnadalsnytt-todalsfjordprosjektet/trond-skogseth-blir-leiar-for-todalsfjordprosjektet/142018