Planane om eit ferjefritt samband mellom Sunndal og Surnadal ble lansert for første gong i 1939, som ein ny veg frå Drøpping til Todalen, kalt Rambjørsvegen. No ser det endeleg ut til at ein kan sjå fram mot ei realisering av dette viktige samfunnsutviklingsprosjektet. 

Møre og Romsdal fylkesting vedtok i 1971: «Ferjefritt samband Molde-Trondheim vert bygd tidleg i 3. vegplanperiode 1978-81.» Fylkestinget har i mange år ikkje følgd opp dette vedtaket, men i dag har Møre og Romsdal fylkeskommune prioritert prosjektet fremst av store vegutbyggingsprosjekt, etter Nordøyvegen som no er under bygging og skal stå ferdig i august 2022. 

Todalsfjordprosjektet AS vart stifta 10. desember 1987 med en aksjekapital på 850 000 kroner. I 1988 ble arbeidet ført videre med ein hovudplan for Todalsfjordprosjektet. Selskapet gikk ei tid under navnet Trollheimstunnelen AS, men bær i dag det opprinnelege namnet Todalsfjordprosjektet AS.

Historisk oppsummering — frå 1971 til i dag:

1971 Fylkestinget tilrår ferjefritt samband Molde‐Trondheim med ny veg rundt Todalsfjorden som eitt av fleire alternativ til stamveg Molde‐Trondheim.

1985 Sunndal og Surnadal kommuner oppnemner eit interkommunalt arbeidsutval.

1986 Vegutredning og transportanalyse av sju alternativ utarbeida av A.R. Reinertsen og Asplan.

1987 Todalsfjordprosjektet AS blir stifta.

1988 Arbeidet førast vidare med ein hovudplan der tre alternativ blir utreda nærare. Hovudplanen, som blir lagt ut til offentlig ettersyn, stiller valet mellom alternativa opent, fordi ingen av dei skiljer seg ut med omsyn til kostnadar og nytte.

1993 Det blir framlagt ei melding som tilrår eit nytt alternativ med 5,6 km tunnel Ålvundfossen‐Ansnes og veg videre i dagen innom Todalsøra. Alternativet, som kallast alternativ 7, vart lagt ut til offentlig høring.

1995 Meldinga med alternativ 7 vart i samråd med Miljøverndepartementet godkjent av Vegdirektoratet utan krav om konsekvensutgreiing.

1997 Fylkesveg fra Rv 670 til Todalsøra blir omklassifisert til Rv 671.

19992001 Vegen på austsida av Todalsfjorden blir utbetra på følgjande strekningar: 3 km ny veg mellom Haugen og Åsbøen, ombygging av Hallsetbrua og 2,7 km ny veg Svinvika‐Markussteinen, derav 1 km tunnel.

2000 Møte for å avklare kva for tunnelalternativ ein skal gå vidare med. Einigheit om Viromdalsalternativet, dvs. tunnel Todalen-Viromdalen og veg i dagen Virom‐Ålvundeidet.

2001 Oppstart arbeid med kommunedelplanar for Viromdalsalternativet. Statens vegvesen fastslår at Todalsfjordprosjeket må konsekvensutgreiast.

2002 Konsekvensutgreiing biologisk mangfald tunnelinnslag Sunndalssida (Jon B. Jordal).

2003 Konsekvensutgreiing Trollheimstunnelen og tilleggsutgreiing massedeponi.

2006 Konsekvensutredning godkjent av Vegdirektoratet. Begge kommunene går for Børsetalternativet (langtunnel). Surnadal kommunestyre vedtek oppstart av arbeid med kommunedelplan for Rv 671.

2007 Kommuneplanens arealdel med Børsetalternativet vedteke i Sunndal kommune.

2009 Planprogram og kommunedelplan for Trollheimstunnelen og Rv 671 Åsbøen‐Halset bru vedteke i Surnadal kommune.

2010 Stort engasjement i lokalpressa om bru‐ og tunnelalternativa.

2013 Rapport med vurdering av alternativ for bru og tunnel blir utarbeidd av vegvesenet. Samferdselsutvalet vedtek å framleis ha fokus på Todalsfjordprosjektet. I ettertid kom Trollheimstunnelen AS med forslag om å sjå på flytebru nord i fjorden.

2015 Rapport med samla vurdering frå Statens vegvesen, tilrår brualternativ 2B og 2C. Likelydende vedtak i kommunestyra om bruløysing Rakaneset‐Svinvika. Fylkestinget: Konseptval brualternativ 2B og 2C. Prosjektet er neste store prosjekt etter Nordøyvegen. Skipstrafikkanalyse blir gjennomført (Rambøll).

2016 Vedtak i Sunndal og Surnadal kommunar om oppstart av kommunedelplanarbeidet. M&R fylkeskommune tok over ansvaret for det vidare arbeidet.

2020 Kommunedelplanane for Todalsfjordprosjektet blir vedtekne i Sunndal kommune (25.11) og i Surnadal kommune (26.11), med nokre tilleggspunkt med ynskjer og målsettingar for det vidare planarbeidet (reguleringsplan).
Møre og Romsdal fylkeskommune kjøper aksjar i Todalsfjordprosjektet AS med 5 mill. 

2021 Nytt styre på plass, med Malene Aaram Vike som leiar. Trond Skogseth blir engasjert som ny dagleg leiar frå oktober, etter Bergsvein Brøske.

Desember 2021 Fylkestinget i Møre og Romsdal godkjenner ei ramme på 40 mill. kroner til reguleringsplanarbeidet for Todalsfjordprosjektet, for perioden 2022-2025. Fylkeskommunen rekrutterer planprosjektleiar for Todalsfjordprosjektet.