Med planprosjektleiar for Todalsfjordprosjektet, Per Gunnar Løset, på plass hos Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i Kristiansund, starta i april det omfattande reguleringsplanarbeidet for prosjektet, som altså vil pågå fram til 2025. Vi ser fram til eit godt og verdifullt samarbeid med Løset, teamleiar Anna Myrstad Strand og resten av teamet i fylkeskommunen!