I sommar startar fylkeskommunen det arkeologiske arbeidet i samband med Todalsfjordprosjektet. Arbeidet og registreringene vil skje til ulike tider for ulike strekningar av planområdet. Strekninga Øygarden – Åsbøen (traséalternativ 2a forbi Nordvik i Surnadal) er planlagt frå veke 26, medan arbeidet på begge sidene av dei planlagte brufesta — på Rakaneset i Sunndal og Svinvika i Surnadal — vil starte opp i veke 32.
Slike arkeologiske utgravingar er lovpålagde, og grunneigarane blir råda til å tilpasse slått av dyrkamark og tilsåing til det arkeologiske arbeidet, som først vil starte etter at alle avklaringar med grunneigarane er gjort.