I samband med reguleringsplanprosessen for Todalsfjordprosjektet, skal det gjennomførast ei såkalla verdianalyse. I ein slik analyse får ein uhilda tredjepart oppdraget med å både kvalitetssikre dei planane og løysingane som ligg føre, og ikkje minst utfordre desse. Målet er å finne det beste krysningspunktet mellom løysingar som ivaretek formålet med prosjektet og samtidig er så økonomisk gjennomførbare som mogleg.
Rådgivingsfirmaet Rambøll har fått i oppgåve av fylkeskommunen å leie arbeidet med verdianalysen, som blir betalt av Todalsfjordprosjektet AS. I Rambøll sitt team er ulike fagpersonell representerte, med både veg- og brukompetanse, geologi og samfunnsanalyse.
Tysdag denne veka (14.6) var representantar for Rambøll, saman med folk frå Samferdselsavdelinga i fylket, Sunndal og Surnadal kommunar, samt Todalsfjordprosjektet AS, på befaring i heile planområdet for dei vedtekne kommunedelplanane for Todalsfjordprosjektet . Rapporten for verdianalysen er venta ferdig i sommar.