Sist helg vart endeleg Nordøyvegen opna, med folkefest, pomp og prakt på Harøya i nye Ålesund kommune. Leiinga i Todalsfjordprosjektet AS gratulerer alle involverte med å endeleg få ein ferjefri kvardag. Samtidig gleder dei seg over at deira eigen opningsdag no har kome enda eit steg nærare.
– Ja, opninga Nordøyvegen markerer jo fullføringa av det tredje av dei fire fjordkryssingsprosjekta som Fylkestinget sette på prioriteringslista si tilbake i 1997. Etter at dette gigantprosjektet, samt Imarsundet og Atlanterhavstunnelen, no er i drift som vellykka samband, ser vi fram til at ringen skal sluttast med bygginga av det siste: Todalsfjordprosjektet, seier dagleg leiar Trond Skogseth. Han har klokketru på at Fylkestinget vil fullføre òg det siste av dei fire sambanda.
– Prioriteringa av desse fire, viktige prosjekta for utviklinga av fylket har jo stått seg over tid, gjennom mange ulike fylkesting. Ikkje minst fekk vi denne lojaliteten demonstrert før jul, da Fylkestinget, med stort fleirtal, sette av 40 millionar til finansieringa av reguleringsplanprosessen. Vi forventar at partia vil følgje opp og ta med seg støtta til Todalsfjordprosjektet inn i programma sine for neste års kommune- og fylkestingsval, seier Skogseth.
Styreleiar Lars Inge Kvande har lang fartstid som lokalpolitikar og understrekar òg den lojaliteten som forkjemparane for Todalsfjordprosjektet har vist tilbake, gjennom alle desse åra.
– Eg vil berømme den lojaliteten som både folk i prosjektet og lokalpolitikarane har utvist. Her kunne ein lett ha sett for seg at det hadde vorte ein intern kniving mellom prosjekta, men det har ikkje skjedd. Til og med da det storma som mest rundt finansieringa av Nordøyvegen for nokre år sidan, sto Todalsfjordprosjektet støtt ved sine sunnmørske kollegaar si side. Dette reknar vi med at alle har fått med seg, og vi har lov til å forvente at våre vener no går saman med oss, dei siste avgjerande stega i det viktigaste prosjektet vårt her på indre Nordmøre, seier Kvande.
Todalsfjordprosjektet går ei spennande tid i møte. Reguleringsplanarbeidet er påstarta, og parallelt blir konklusjonane frå verdianalysen, som Rambøll utførte før sommaren, utgreia.
– Vi er framleis spente på kva dette arbeidet vil vise, og spesielt på kva utgreiingane av ein undersjøisk tunnel frå Åsbøen til Ålvundfossen får å seie for traséval og framdrifta for prosjektet. Uansett så er vi trygge på at vi vil få ei løysing som avløyser ferja over fjorden på ein god måte og gjer indre Nordmøre til ein døgnopen region med auka livs- og vekstkraft for framtida. Det er det overordna fokuset og målet vårt, seier Skogseth.