Planleggingsarbeidet bør utsettast
Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i desember 2023 å redusere fylkeskommunen si drift med 90 mill. kroner i 2024. Fylkeskommunedirektøren legg no fram forslag til korleis dette kan gjerast, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
På pressekonferansen omtala ho òg konekvensar for investeringsprosjekt som Todalsfjordprosjektet:
– Med den økonomien fylkeskommunen har no er det lite realistisk å få Todalsfjordprosjektet oppstarta i løpet av dei første 10 åra. Planleggingsarbeidet bør derfor òg utsettast til vi kjem nærmare byggestart for prosjektet, slik at dei utarbeidde planene bli så gode som muleg, seier Hovdenak.
Ho heldt fram:
– I tillegg er det no klart at reguleringsplankostnadane er dobla frå 30 til 60 millionar kroner. Det er likevel viktig å understreke at prioriteringsrekkefølga for dei store prosjekta ligg fast.