29.8.2024 kan vi notere som ein liten, men viktig merkedag i arbeidet for Todalsfjordprosjektet. I dag kom nenleg den første vindmålingsmasta på plass på Sunndalssida av Todalsfjorden, komplett med vindmålarar som skal starte innsamlinga av vinddata ved staden der det eine brukaret for hengebrua over fjorden er planlagt.
Etter at Bygdeservice Øksendal hadde gjort det grundige grovarbeidet med å bygge det kraftige fundamentet, var det helikopterpiloten i Helitrans som hadde presisjonsarbeidet med å fly den nesten 50 meter høge masta på plass, like ved Rakaneset.
Sjølv om ikkje Todalsfjordprosjektet er endeleg vedteke i fylket, så er vindmålingar over mange sesongar ein viktig del av reguleringsplanarbeidet, for å kunne ha eit godt grunnlag for å fastslå rett dimensjonar på den 777 meter lange hengebru som er planlagd bygd mellom Rakaneset og Svinneset, på Surnadalssida.
Foto: Aura Avis