Planane om eit ferjefritt samband mellom Sunndal og Surnadal ble lansert for første gong i 1939, som ein ny veg frå Drøpping til Todalen, kalt Rambjørsvegen. No ser det endeleg ut til at ein kan sjå fram mot ei realisering av dette viktige samfunnsutviklingsprosjektet. 

Møre og Romsdal fylkesting vedtok i 1971: «Ferjefritt samband Molde-Trondheim vert bygd tidleg i 3. vegplanperiode 1978-81.» Fylkestinget har i mange år ikkje følgd opp dette vedtaket, men i dag har Møre og Romsdal fylkeskommune prioritert prosjektet fremst av store vegutbyggingsprosjekt, etter Nordøyvegen som sto ferdig i 2022. 

Todalsfjordprosjektet AS vart stifta 10. desember 1987 med en aksjekapital på 850 000 kroner. I 1988 ble arbeidet ført videre med ein hovudplan for Todalsfjordprosjektet. Selskapet gikk ei tid under navnet Trollheimstunnelen AS, men ber i dag det opprinnelege namnet Todalsfjordprosjektet AS.

HISTORISK OPPSUMMERING — FRÅ 1971 OG FRAM TIL I DAG:

Juni 2023 Nytt styre på plass, med Tove-Lise Torve som som ny leiar, etter Per Ove Nydal, som fortset som nestleiar. Det resterande styret består av Stig Helle-Tautra, Kathrine Mauset,  Reidar Gullikstad Hagen Sira (ny), Martha Torvik (ny), Asbjørn Tronsgård, Berit Tønnesen, Arild Håkonsen (vara).

Juni 2023 Fylkestinget vedtek mot MDGs to stemmer å gå vidare med regulering av alternativet som ligg til grunn for dei vedtekne kommunedelplanane: Ny veg frå Åsbøen og ovanfor Nordvik, bru frå Svinneset til Rakaneset, samt tunnell frå Rakaneset til Ålvundfossen. Dette var i samsvar med vedtak i ekstraordinære kommunestyre i Sunndal og Surnadal kommunar og trass i at fylkesvegavdelinga, på bakgrunn at Swecos utgreiing av undersjøisk tunnel frå Åsbøen til Ålvundfossen, hadde tilrådd å gå vidare med undersjøisk tunnel.  

Januar 2023 TFP AS bestiller utgreiing av flytebru mellom Kvanne og Rykkjem, etter at Rambøll i verdianalyserapporten adresserte at dette «mest interessante» flytebrukonspetet ikkje hadde vorte vurdert tidlegare, samt at TFP AS hadde fått ny informasjon om at kostnadane med ei slik løysing ikkje ville vere så høge som Rambøll hadde lagttil grunn, da dei i verdianalysen tilrådde å ikkje gå vidare med ei flytebruløysing. Rapporten frå skisseprosjektet om flytebru, gjennomført av Dr. Techn. Olav Olsen, vart sluttført, presentert og overlevert fylkesvegavdelinga i i mars 2023.

Juli 2022 Verdianalyse gjennomført av Rambøll og rapport levert til fylkeskommunen og Todalsfjordprosjektet AS. Tilrår at undersjøisk tunnelalternativ frå Åsbøen til Ålvundfossen blir utgreidd på nytt. Fylkeskommunen signaliserer at det vil bli gjennomført 2. halvår 2022

April 2022 Møre og Romsdal fylkeskommune startar reguleringsplanprosessen, med Per Gunnar Løset som planprosjektleiar.

Desember 2021 Fylkestinget i Møre og Romsdal godkjenner ei ramme på 40 mill. kroner til reguleringsplanarbeidet for Todalsfjordprosjektet, for perioden 2022-2025. Fylkeskommunen rekrutterer planprosjektleiar for Todalsfjordprosjektet.

2021 Nytt styre på plass, med Malene Aaram Vike som leiar. Trond Skogseth blir engasjert som ny dagleg leiar frå oktober, etter Bergsvein Brøske.

2020 Kommunedelplanane for Todalsfjordprosjektet blir vedtekne i Sunndal kommune (25.11) og i Surnadal kommune (26.11), med nokre tilleggspunkt med ynskjer og målsettingar for det vidare planarbeidet (reguleringsplan).
Møre og Romsdal fylkeskommune kjøper aksjar i Todalsfjordprosjektet AS med 5 mill. 

2016 Vedtak i Sunndal og Surnadal kommunar om oppstart av kommunedelplanarbeidet. M&R fylkeskommune tok over ansvaret for det vidare arbeidet.

2015 Rapport med samla vurdering frå Statens vegvesen, tilrår brualternativ 2B og 2C. Likelydende vedtak i kommunestyra om bruløysing Rakaneset‐Svinvika. Fylkestinget: Konseptval brualternativ 2B og 2C. Prosjektet er neste store prosjekt etter Nordøyvegen. Skipstrafikkanalyse blir gjennomført (Rambøll).

2013 Rapport med vurdering av alternativ for bru og tunnel blir utarbeidd av vegvesenet. Samferdselsutvalet vedtek å framleis ha fokus på Todalsfjordprosjektet. I ettertid kom Trollheimstunnelen AS med forslag om å sjå på flytebru nord i fjorden.

2010 Stort engasjement i lokalpressa om bru‐ og tunnelalternativa.

2009 Planprogram og kommunedelplan for Trollheimstunnelen og Rv 671 Åsbøen‐Halset bru vedteke i Surnadal kommune.

2007 Kommuneplanens arealdel med Børsetalternativet vedteke i Sunndal kommune.

2006 Konsekvensutredning godkjent av Vegdirektoratet. Begge kommunene går for Børsetalternativet (langtunnel). Surnadal kommunestyre vedtek oppstart av arbeid med kommunedelplan for Rv 671.

2003 Konsekvensutgreiing Trollheimstunnelen og tilleggsutgreiing massedeponi.

2002 Konsekvensutgreiing biologisk mangfald tunnelinnslag Sunndalssida (Jon B. Jordal).

2001 Oppstart arbeid med kommunedelplanar for Viromdalsalternativet. Statens vegvesen fastslår at Todalsfjordprosjeket må konsekvensutgreiast.

2000 Møte for å avklare kva for tunnelalternativ ein skal gå vidare med. Einigheit om Viromdalsalternativet, dvs. tunnel Todalen-Viromdalen og veg i dagen Virom‐Ålvundeidet.

19992001 Vegen på austsida av Todalsfjorden blir utbetra på følgjande strekningar: 3 km ny veg mellom Haugen og Åsbøen, ombygging av Hallsetbrua og 2,7 km ny veg Svinvika‐Markussteinen, derav 1 km tunnel.

1997 Fylkesveg fra Rv 670 til Todalsøra blir omklassifisert til Rv 671.

1995 Meldinga med alternativ 7 vart i samråd med Miljøverndepartementet godkjent av Vegdirektoratet utan krav om konsekvensutgreiing.

1993 Det blir framlagt ei melding som tilrår eit nytt alternativ med 5,6 km tunnel Ålvundfossen‐Ansnes og veg videre i dagen innom Todalsøra. Alternativet, som kallast alternativ 7, vart lagt ut til offentlig høring.

1988 Arbeidet førast vidare med ein hovudplan der tre alternativ blir utreda nærare. Hovudplanen, som blir lagt ut til offentlig ettersyn, stiller valet mellom alternativa opent, fordi ingen av dei skiljer seg ut med omsyn til kostnadar og nytte.

1987 Todalsfjordprosjektet AS blir stifta.

1986 Vegutredning og transportanalyse av sju alternativ utarbeida av A.R. Reinertsen og Asplan.

1985 Sunndal og Surnadal kommuner oppnemner eit interkommunalt arbeidsutval.

1971 Fylkestinget tilrår ferjefritt samband Molde‐Trondheim med ny veg rundt Todalsfjorden som eitt av fleire alternativ til stamveg Molde‐Trondheim.