Saman for ein døgnopen region i vekst

SuSu er eit positivt prosjekt for lokalsamfunnet på begge sider av fjorden. No ser vi ei klar auke i arbeidsplassar, og vi er optimistiske med tanke på sysselsetting, nettverk og innovasjon.

Gjennom SuSu-prosjektet har lokale bedrifter med vekststrategi og ønskje om å skape fleire arbeidsplassar hatt høve til å søkje om friske pengar til å utvikle løysningar. Dei viktigaste måla i prosjektet har vore å auke folketalet, skape fleire arbeidsplassar og å få til eit betre samarbeid i næringslivet.

Det heiter seg at når eit lokalsamfunn bikkar over 10 000 arbeidsplasser får det ein gravitasjon, ei eiga vekstkraft i seg sjølv, kor ting begynner å skje. Når vi ser på Sunndal og Surnadal som ein felles bo- og arbeidsmarknadsregion, nærmar vi oss det nivået.

Vi har brei og høg kompetanse, mykje innovasjon og satsing. Med mange bein å stå på, og ei rivande utvikling mellom anna innan primærnæringane og teknologi, har vi tru på vidare vekst i regionen.

For at dette verkeleg skal bli ein felles bo- og arbeidsmarknadsregion må Todalsfjordprosjektet på plass. Med Todalsfjordprosjektet og Riksveg 70 knyter vi saman kommunane – ikkje berre mot Tingvoll, men størstedelen av Nordmøre og resten av fylket. Dette er viktig ikkje minst for tilflyttande par, som begge skal ha jobbar.

SuSu har gjeve arbeidet mot ein døgnopen region ei heilt anna fart, og vi trur at Todalsfjordprosjektet no er innan rekkevidde.

Ikkje berre har kommunane og næringslivet samarbeidd godt. Fylkeskommunen fortener ros for nærværet dei har hatt i prosjektet: I tillegg til å bidra økonomisk, deltar dei i møte og får direkte erfaring med dei positive verknadane. Arbeidet som gjerast med å vri faga på vidaregåande skule mot det næringslivet treng er også viktig, og her har det vore jobba godt.

Det går bra i Sunndal og i Surnadal no. Men det må jobbast vidare heile tida. Her har vi arbeidsplassar og bustader, og eit lokalsamfunn som ynskjer seg befolkningsauke. Det har vore fire gode år, og vi trur og håper på fire nye slik at vi kan halde fram suksessen.

Ordførere i Sunndal og Surnadal,
Ståle Refstie og Lilly Gunn Nyheim