No kan reguleringsplanarbeidet starte!

Fylkestinget i Møre og Romsdal godkjende 7. desember økonomiplana for perioden 2022 til 2025. Det betyr òg at finansieringa av reguleringsplanarbeidet for Todalsfjordprosjektet, som er planlagt gjennomført i same perioden, er vedteken!

Dette er ein merkedag for Todalsfjordprosjektet, og betyr at den viktige jobben med å detaljplanlegge prosjektet og løysingane for den beste og mest realistiske realiseringa av sambandet startar. Fylkeskommunen oppbemannar no vegavdelinga si med ei heil planprosjektstilling for Todalsfjordprosjektet, i Kristiansund.

Parallelt skal Todalsfjordprosjektet arbeide med å utarbeide gode finansieringsmodellar, slik at byggearbeidet forhåpentlegvis kan starte, så snart som det er mogleg, ein gong etter 2025.