Generalforsamling 2022

Generalforsamlinga i Todalsfjordprosjektet vart gjennomført på Hammerstuene i Surnadal, torsdag 23. juni. Der vart tidlegare nestleiar, Lars Inge Kvande, valt til leiar, etter Malene Aaram Vike, som går over i ny jobb i Sunndal kommune og i den samanheng måtte seie frå seg alle verv, inkl. vervet som styremedlem og leiar i Todalsfjordprosjektet AS. Lars Løseth gjekk òg ut av styret, etter ein lang og viktig innsats i styret og som leiar. Som nye styremedlemmar vart Stig Helle-Tautra og Gøril Berntsen (vara) valde.
Her er ny og tidlegare leiar foreviga etter møtet.