Mai 2023: Rapport frå utgreiing av undersjøisk tunnel

Som eit resultat av eit klart råd i rapporten frå verdianalysen som Rambøll gjennomførte av Todalsfjordprosjektet før sommarferien i 2022, på oppdrag frå fylkeskommunen og finansiert av Todalsfjordprosjektet AS, vedtok fylkeskommunen, i samråd med vertskommunane å gjennomføre ei utgreiinga av ein undersjøisk tunnel, omtrent i traseen for «Svinvik»-alternativet.

Oppdraget gjekk til konsulentselskapet Sweco og vart oppstarta hausten 2022, og i starten av mai vart den endelege rapporten overlevert og gjort offentleg. Heile rapporten finn de som vedlegg her.